Stoppar kraftutbygging i kjend padleelv

Olje-og energidepartementet har gjort om NVE sitt vedtak om konsesjon for kraftverk i Langedalselva på Hellesylt.

Langedalselva er rekna for å vere ei av landets beste for elvepadling.  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

– Dette er ein siger for elvenatur, friluftsliv og verdsarvområdet rundt dei majestetiske fjordområda på Sunnmøre, uttaler Naturvernforbundet i ei pressemelding.


Naturvernforbundet har tidlegare uttalt at Langedalselva er det mest verneverdige vassdraget i regionen.


Langedalselva ved Hellesylt:

– Dei kan ikkje få ta absolutt alt til kraftverk

– Dei kan ikkje få ta absolutt alt til kraftverk. Elva her er både ei internasjonal padleperle og fiskerik.


Kraftverket ville bidrege med ein årleg produksjon på inntil 20,5 GWh, men departementet meiner at ei utbygging ville medføre for store ulemper for naturmangfald og andre interesser og at dei samla kostnadene er høge.

Det var Naturvernforbundet som klaga saka inn for departementet, som no altså har endeleg avgjort saka.

Felles synfaring langs Nøvedalselva i Ørsta kommune

Kampen om Nøvedalselva spissar seg til

Vil NVE seie ja eller nei til kraftutbygging i Nøvedalselva? Både dei som er for og dei som er mot, fekk ein gyllen sjanse til å påverke avgjersla.

 

Sidan 2006 er det bygd to kraftverk i denne elva.

Elva er rekna for å vere ei av Norges beste padleelvar, og padlemiljøet er blant dei som har klaga på utbyggingsplanane. Det same har Norsk Ornitologisk forening. Elva er eit kjerneområde for nasjonalfuglen fossekall.


Tre løyve og eit avslag til kraft i Stranda

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve løyve til tre og avslag til eitt småkraftverk i Stranda, løyve til ny luftleidning og ny transformatorstasjon.


Får bygge ut på Røyrhus

Også to andre kraftverk-søknader i Stranda kommune er no endeleg avgjorde. For Røyrhus kraftverk sin del har departementet valt å oppretthalde NVE sitt løyve til bygging. Kraftverket vil kunne bidra med ein årleg produksjon på 6,4 GWh, iifølgje departementet.

Dei har lagt vekt på at Røyrhus kraftverk, sjølv om kostnadene er høge, vil ha svært begrensa konsekvensar for allmenne interesser.

Avslag til Hauge kraftverk

NVE gav opphaveleg konsesjon til Hauge kraftverk, også dette i Stranda. Her har departementet gjort om konsesjonen til avslag.

Departementet meiner at ei utbygging her ville medføre for store ulemper for landskap og andre interesser og at dei samla kostnadene er høge. Kraftverket ville bidrege med ein årleg produksjon på 13,6 GWh


Naturvern

«Farvel til Langedalselva?»

Ei historie om ei av Noregs beste padleelvar – lagt i rør.



Meiner planlagd kraftverk trugar snømykkjuke og taigaspissmus

Vil ikkje ha meir utbygging

Den mest verneverdige delen av Langedalselva i Sunnylven vil bli påført uboteleg skade ved ei kraftutbygging.

 

Langedalselva ved Hellesylt:

– Dei kan ikkje få ta absolutt alt til kraftverk

– Dei kan ikkje få ta absolutt alt til kraftverk. Elva her er både ei internasjonal padleperle og fiskerik.