Store Kvakk like kvikk igjen

Store Kvakk er tilbake frå dyrehospitalet i Austefjorden, der anda fekk sydd ti sting i nakken og reparert åtte avrivne feste.

Landemerke: Plastanda Store Kvakk er eit fast landemerke under Sommardagane på Hellesylt.   Foto: Fredrik Stadheim/Arkiv

Nyheter

Det er nettstaden hellesylt.info som kjem med gladmeldinga om Store Kvakk.

Dette er den digre plastanda som kvart år overvakar Sommardagane på Hellesylt.

Store skadar

Anda fekk store skadar då den i fjor vart teken av vinden og krasja med eit rekkverk.

Hellesylt.info fortel at eit kraftig vindkast feia gjennom sentrum. Store Kvakk, som stod på eit hustak i sentrum, rasa sidelengs og brasa inn i eit rekkverk.

Heftig uvêr har herja i indre strøk

Lyn og tore, regn og kraftig vind prega indre strøk tidlegare i dag.


Til Høydal

Ei stor flenge i magen på anda gjorde at den sokk saman til ein haug gul og livlaus plast. Det såg ut som at alt var over for alltid for den store gule anda, landemerket under Sommardagane på Hellesylt.

Hjelpa fann sunnylvingane i Høydal i Austefjorden. Bedrifta PVC Almenningen har utstyr og kunnskap, og vart mellombels hospital for Store Kvakk.

Nyleg vart Store Kvakk utskriven. Anda er no friskmeldt og klar for årets Sommardagar på Hellesylt 5. til 7. juli.

Store Kvakk stakk av

Ei stor gul plastand, Hellesyltdagane si andemor, stakk av tidlegare denne veka.