To mista førerkortet i fartskontroll i tunnel

UP har hatt laserkontroll i Ellingsøytunnelen laurdag kveld.
Nyheter

Politiet i Møre og Romsdal melder at det blei delt ut sju forenkla førelegg i kontrollen.

Dessutan blir to bilførarar melde til politiet. Desse heldt så høg fart at dei har mista førarkortet.

– Høgste fart var 124 km/t, opplyser operasjonsleiar Leif Arne Mork ved politiets operasjonssentral.