Olje- og energidepartementet stoppa to kraftverk på Hellesylt

Skuffa over kraftverk-nei

Naturvernforbundet jublar, men grunneigarar som først fekk ja til utbygging, er overraska og skuffa over at planane no blir stoppa.

Padlarelv: Langedalselva på Hellesylt er rekna for å vere ei av landets beste padleelvar, noko som har vore brukt av dei som har klaga på at kraftverket fekk konsesjon.   Foto: Arkiv

Nyheter

– Vi er forferdeleg skuffa. For oss som prøver å ha aktive bruk i grenda, er dette eit nådestøyt. No har vi ikkje grunnlag for å utvikle drifta vidare, seier Ann Kristin Langeland som er talsperson for Langedalselva kraftverk AS på Hellesylt.