Sula vil ha 41 dagar utvida bandtvang på Sulafjellet og Solevågsfjellet

Meir bandtvang i Sula

Sula foreslår 41 dagar utvida bandtvang på Sulafjellet for å ha sauer på beite. Etter forslag frå ein politikar, kan også Solevågsfjellet få same regel.

Sulafjellet: Her frå Vardane (776 moh.) med Molværsvatnet til høgre. I bakgrunnen frå venstre ligg Godøya, Hessa, Ålesund og Valderøya. Høyringsfrist for forslaget til utvida bandtvang er 22. april.   Foto: PRIVAT

Det er håplaust med så mange ulike variantar av bandtvang.

Frode Grande
Nyheter

– Ut over den generelle bandtvangen i perioden 1. april til og med 20. august, skal hundar i Sula kommune haldast i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i perioden frå og med 21. august, til og med 30. september på heile Sulafjellet, Solevågsfjellet, og elles der bufe beiter.