Frå Europrofil til Fiskevegn

Håkon Holen (58) blir ny dagleg leiar i Fiskevegn på Flatraket i Selje, skriv Fjordenes Tidende.

Håkon Holen. Europrofil AS. Sykkylven. 

Nyheter

Håkon Holen kjem frå leiarstilling i Europrofil i Sykkylven, der han begynte i 2014.

Holen er oppvaksen på Sæbø og no busett i Ålesund. Til Fjordenes Tidende seier han at han ser fram til å ta fatt på jobben i Fiskevegn.

– Selskapet har hatt svært god utvikling dei seinare åra. Eg ser fram til å kunne bidra til å utvikle Fiskevegn si sterke og global merkevare vidare, seier Holen til Fjordenes Tidende.

Fiskevegn har 47 tilsette og omsette i fjor for 118 millionar kroner, ifølgje avisa. Dei har verksemd fleire stader, blant anna salsavdeling i Ålesund. Holen får også ansvar for Best Fishing Gear AS, Storvika AS og Flatraket Industribygg AS, samt Fiskevegns del av Magistr Fiskevegn Group i Latvia.

Holen skal ta til i jobben 1. juni. Då avløyser han Trond-Inge Kvernevik som går til leiarjobb ved oppdrettsanlegget i Barstadvika på Raudeberg, ifølgje Fjordenes Tidende.