Herøybåt fekk lik i trålen

Herøy-båten Remøy fekk lik i trålen i torsdag føremiddag.

Herøybåten Remøy fekk eit lik i trålen medan dei fiska etter reker i Barentshavet.  Foto: Fiskebat.no

Nyheter

Politiet melder onsdag ettermiddag om at ein norsk båt i Barentshavet har fått lik i trålen. Troms politidistrikt skriv på Twitter at liket blir frakta til fastlandet for identifisering.

Det er nett.no som melder at det er snakk om Herøy-båten «Remøy», den var på rekefiske i internasjonalt farvatn i Smuttholet i Barentshavet.

– Eg kan stadfeste at det gjeld vår båt. Noko meir ønsker eg ikkje å opplyse, seier reiar Olav Remøy i Fosnavaag Havfiske til nett.no.

Operasjonsleiar Karl-Erik Thomassen seier til VG at liket skal ha vore delvis i oppløysing.

– Meldinga gjekk ut på at det var eit lik i delvis oppløysing. Vi har ingen indikasjonar på kven denne personen er, eller om det er mann eller kvinne, seier han til VG.

Politiet går ikkje ut med nøyaktig posisjon på kvar liket blei funne. VG skriv at det ifølgje politiet ikkje er nyleg meld om sakna personar i området.

Ubehageleg

Fiskeribladet har snakka med skipper Kjetil Ervik på båten. Han fortel at det var ein særs ubehageleg oppleving for dei som jobba på dekk.

– Då vi dro inn trålen, oppdaga vi at der låg noko langt framme på trålen, og vi trudde det først var noko oljeklede. Men vi innsåg kjapt at der òg var noko inni kleda, seier Ervik.

Operasjonssjef Christian Andreassen i Troms politidistrikt fortel til NTB at båten har no snudd og er på veg til Båtsfjord. Den er venta å vere framme seint fredag eller tidleg laurdag, avhengig av vêr og vind. Liket vil då bli frakta til Tromsø for vidare undersøkingar.

Politiet har oppretta undersøkingssak, og ID-gruppa til Kripos er òg kobla inn i saka.

Skipper Ervik fortel vidare til Fiskeribladet at liket no ligg på dekk, tildekka av ein presenning.

– Det er minusgrader, så det går nok greitt, seier han.

Skipperen understreker at dei tilsette om bord vil få tilbod om oppfølgjing ved behov etter den ubehagelege opplevinga.