Advokat Mette Yvonne Larsen var bistandsadvokat under 22. juli-rettssaka

– Øvrelid-saka er noko av det grovare eg har vore borti

Mette Yvonne Larsen meiner det som kjenneteiknar Øvrelid-saka er gjennomgåande svik frå alle hald.

Erfaren: Mette Yvonne Larsen har vore med på mykje, på begge sider av rettssalen. For eksempel var ho Rune Øygards forsvarar i den såkalla Vågå-saka. Ho har dessutan leia Advokatforeiningas menneskerettsutval. I Øvrelid-saka vil ho bruke den europiske menneskerettskonvensjonens artikklar 3 og 8 om naudsynt.  Foto: Odin Jæger

Nyheter

Det var via Gro Brandal at Øvrelid-søskena ende opp med ein av Norges aller mest kjente advokatar på sitt lag. Brandal visste at Larsen hadde stor erfaring med erstatningssaker, tok kontakt og fekk tommel opp.