Nordøyvegen:

Her skal dei lage veg tvers gjennom havet

Å bygge Nordøyvegen har to spesielle utfordringar: Vêret og logistikken.

VEG GJENNOM VATN: Her skal Nordøyvegen gå mellom to demningar. I bakgrunnen har dei starta på forskjeringa til tunnelinnslaget på Hestøya. F.v. Are Eliassen (prosjektleiar i Skanska), byggeleiar Bjørn Sunde, prosjektleiar Marianne Nærø og kontrollingeniør Bragi Bragason (alle Vegvesenet). 

Nyheter

No er det snart to veker sidan dei starta opp her ute på Hestøya. Om bord på mudringsfartøyet «Brage Thai» jobbar Kolbjørn Dolmseth og Jon Olav Langseth. Først skal dei bygge anleggskai, med stein henta frå tunnelarbeidet på Longva.