Kongsberg Gruppen og Havila Kystruten signerte avtale:

Overvakar Kystruten frå Ålesund

Havila Kystruten sine skip skal til ei kvar tid overvakast av Kongsberg Maritime sine folk i Ålesund. Frå land skal ein også kunne fjernstyre service.

Kystruten: Per Sævik (til venstre) fekk besøk av administrerande direktør Egil Haugsdal i Kongsberg Maritime på kontoret på Mjølstadneset måndag. Sævik, som er styreleiar i Havila Kystruten, håpar serviceavtalen vil betale seg i form av mindre driftstans. Ny teknologi vil også medverke til å gjere skipa tryggare. 

Nyheter

Havila Kystruten og Kongsberg Maritime signerte måndag ein tiårig serviceavtale verd 150 millionar kroner. Kongsberg skal ta seg av service, vedlikehald og oppfølging av dei fire skipa Kystruten har under bygging.