12 tatt i fartskontroller tysdag

Politiet skreiv ut fartsmøter både i Ørsta, Skodje og i Hareid tysdag kveld.

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix 

Nyheter

I fleire twittermeldingar tysdag kveld melder Møre og Romsdal politidistrikt om fartskontrollar på Sunnmøre.

  • Klokka 17.49 melde politiet om ein kontroll på fylkesveg 35 i Hjørungavåg. Det blei skriven ut fem forenkla førelegg, høgste målte hastigheit var 65 kilometer i timen i 50-sona.
  • Klokka 19.39 melde politiet om ein fartskontroll på Stette i Skodje. Kontrollen blei utført på fylkesveg 107. Det blei skriven ut tre forenkla førelegg, høgste målte hastigheit var 99 kilometer i timen i 80-sona.
  • I 21-tida melde politiet om ein fartskontroll på fylkesveg 655 i Åmdalen i Ørsta. Det blei skriven ut fire forenkla førelegg, høgste målte hastigheit var 74 kilometer i timen i 60-sona.