Beste vertskapskommune for næringslivet

Haram kommune er kåra til Norges beste vertskapskommune for næringslivet. Det er første gong prisen blir delt ut.

Vebjørn Krogsæter (Sp) er ordførar i Haram. Arkiv.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Dette er første gong prisen er delt ut. Kåringa skjedde under Kommunalpolitisk Toppmøte i Oslo i dag, i eit samarbeid mellom KS og NHO. NRK Møre og Romsdal var først med å melde det.

Om Haram kommune seier juryen:

«Kommunen har jobbet offensivt, systematisk og målrettet med næringsutvikling gjennom 25 år, og trukket næringslivet inn i kommunens strategiarbeid helt siden 90-tallet. Dette har resultert i en modell for samarbeid mellom kommunen, utdanningsaktører og næringslivet som har resultert i så stor tillit at samarbeidet har overlevd skiftende konjunkturer og økende inntreden av internasjonalt eierskap i det lokale næringslivet. Det er blant annet utarbeidet partnerskapsavtaler mellom skolene og bedriftene for å sikre relevant utdanningstilbud for lokalt nærings- og arbeidsliv og bruk av lærlinger som lærekrefter i skolene. Kommunen blir fra 1. januar 2020 en del av langt større nye Ålesund kommune. I sammenslåingsprosessen er det vedtatt at Haram-modellen for næringsutvikling skal legges til grunn for næringssamarbeidet i den nye storkommunen.»

Haram gjekk til topps i klassen «små kommunar». I klassen «store kommunar» var det Stavanger som vann.

Nummer éin i rekka

Dette er ein heilt ny pris som NHO og KS har gått saman om, for å få fokus på kor viktig det er at kommunane er attraktive for næringslivet.

– Det å bli sett og anerkjent som nummer éin i rekka, det er utruleg stas, seier ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp).

Det er vedtatt at Haram-modellen for næringsutvikling skal leggast til grunn for næringssamarbeidet i nye Ålesund. Eit vedtak gjeld berre inntil eit nytt vedtak er gjort, men Krogsæter er sikrare enn nokon gong på at intensjonsavtalen er mykje verdt:

– Denne prisen er eit trumfkort i debatten om korleis vi skal utvikle nye Ålesund. No gjeld det å informere politikarar som ikkje er så godt kjend med denne måten å jobbe på, seier Krogsæter.

Kjernen i modellen er å finne samarbeidsområda mellom kommunen og næringslivet, kommunen og skulane og kommunen og samfunnet elles.

– Det gjeld å finne dei områda vi har felles interesse og felles mål, og bygge tillit. Om vi ikkje lukkast med å vere attraktive for næringslivet, så lukkast vi ikkje med dei andre oppgåvene våre, seier Haram-ordføraren.

Melder seg ut av Haram Høgre i protest mot kommunereforma

Melder seg ut av Høgre i protest mot tvang

Næringslivstoppar i Brattvåg vil ikkje at Haram blir del av nye Ålesund.