Dødsulykka i Kjølsdalen:

Bilføraren hadde amfetamin i blodet

Sogn og Fjordane tingrett har slått fast at føraren av bilen som køyrde ned og drap to kvinner i Kjølsdalen i Eid kommune var påverka av det narkotiske stoffet amfetamin.

  Foto: Siri Kolseth / Fjordenes Tidende / NTB scanpix

Nyheter

Det melder NRK Sogn og Fjordane. Mannen skal òg ha hatt det roande stoffet klonazepam i blodet då ulykka skjedde. Tingretten har òg bestemt at mannen i 50-åra ikkje vil få tilbake førarkortet sitt. Dette av omsyn til trafikktryggleiken.


Politiet utvider siktelse etter dødsulykken i Nordfjord

Politiet utvider siktelsen til også å omfatte ruskjøring mot mannen som er siktet for uaktsomt drap etter å ha kjørt på to kvinner i Nordfjord i romjula.

 

Det var tredje juledag i fjor at to kvinner omkom i Kjølsdalen i Eid kommune, mellom Måløy og Nordfjordeid, då dei vart påkøyrde på ein gangveg. Føraren av bilen er sikta for aktlaust drap og køyring i påverka tilstand.