Dømt for tjuveri, slåsting, narkotika og å skjelle ut politimenn

Ein notorisk øltjuv i Ålesund har fått straffa si: 75 dagar i fengsel for ei smørbrødliste av tiltaler.

Sunnmøre tingrett. Illustrasjonsfoto.  Foto: Stig Vågnes

Nyheter

75 dagar er straffa for ei lang rekkje tiltalepunkt. Den 27 år gamle mannen vart dømt for 23 små og store tjuveri, oftast av øl på butikkar, men også noko større tjuveri, som av ei Nintendo-maskin. 4 av tjuveria er på over 2.000 kroner.