Breibandutbygging for 30 millionar i nye Ålesund:

Her blir det breiband

Då Ella Hjelseth var 11, sende ho brev til den nyvalde ordføraren og bad om fiber til Brusdal. Fem år seinare kan ho truleg sjå fram til betre nett.

Brev: Brev frå Ella til nyvald ordførar Dag Olav Tennfjord i 2015. No blir det breibandutbygging fleire stader i nye Ålesund kommune. Totalt vert det utbygging av breiband til om lag 1.100 husstandar.  

I mange utkantar er dårleg nett eit kjempeproblem

Dag Olav Tennfjord
Nyheter

Då Dag Olav Tennfjord (Høyre) blei vald til ordførar i Skodje, fekk han to brev. Først fekk han eit kort frå Erna Solberg, som gratulerte han med ordførarvervet. Så fekk han eit fint, handskriven brev frå Ella Hjelseth.