Krevjande å vere lokalpolitikar og næringsdrivande:

– Utfordrande grenseskilje

Åge Vikestrand, politikar i Haram og på vallista til Ålesund KrF, fronta utvikling i Tennfjord i lokalavisa utan å opplyse om historiske bindingar.

Vekst i folketal: Tennfjord har siste åra hatt ei kraftig vekst i folketal, og det er ønske om at det skal halde fram, men det skal vere mangel på attraktive tomter. Eigaren av denne tomta, som har vore eit jordbruksareal tilbake i tid, ønsker å selje.  Foto: Kristoffer Antonsen

Nyheter

Torsdag sist veke stilte Åge Vikestrand opp i ein avisartikkel for Nordre, lokalavisa i Haram, saman med partifelle Arnt-Ove Tenfjord og representantar frå Møre hus, for å støtte utvikling av eit bustadområde i bygda, eit område som i dag er regulert som eit jordbruksområde. Vikestrand stilte opp i saka som KrF-representant, men det blei ikkje gjort klart at han er deleigar og dagleg leiar i Møre Bustadutvikling, som er eigd av Vikestrand & Søvik Holding og nettopp Møre hus. Møre Bustadutvikling blei oppretta i 2010 med formål om utvikling og sal av bustader og bustadområde.