Ny runde med krav mot private barnehagar

To private barnehagar i Ålesund kan måtte betale tilbake til saman 3,4 millionar kroner i tilskot, som kommunen meiner ikkje er brukt til barnas beste.

Barnehage: Trollhaugen barnehage er ein av barnehagane som kan få krav om tilbakebetaling av tilskot for rekneskapsåra 2014 og 2015. Kommunen meiner barnehagen har brukt pengar til formål som ikkje er til barnas beste og i tråd med lova.   Foto: Torbjørn Eidhammer/Arkiv

Nyheter

Etter eit tilsyn med private barnehagar reagerte Ålesund kommune på bruken av offentlege tilskot. Tilsynet avdekte blant anna at tilskot i 2014 og 2015 hadde blitt brukt til kjøp av nausttomt og naust, bilar og til å kjøpe seg inn i ein kiosk.