Politiet og brannvesenet om brannen i Ørsta:

– Hadde vore mykje vanskelegare med vind

Det brann kraftig i ein einebustad i Ørsta i dag tidleg. Politi og brannvesen var letta over at det var vindstille i området.
Nyheter



– Det var vindstille og røyken gjekk rett opp. Hadde det ikkje vore for det, ville det ha vore ei mykje større utfordring å trygge nabohusa.

Det seier innsatsleiar i brannvesenet i Ørsta, Guttorm Øye. Han kom til ein fullstendig overtent bustad.

Familie utan barn

– Brannbil var på plass etter sju minutt. Vi fekk nesten umiddelbart beskjed frå huseigar om at dei alle fem var ute av huset.

Dei fem personane er ein familie, og alle er vaksne.

Etter ein halvtime var brannvesenet sikre på at dei hadde kontroll på at brannen ikkje ville spre seg.

– Vi var heldige med at det var lite vind, seier også operasjonsleiar i politiet Erik Mikalsen.

Sendt til sjukehus for sjekk

To personar i eit nabohus vart også evakuert.

Brannvesenet arbeider framleis med ettersløkking i det klokka passerer 11. Bustaden er totalskadd, berre eit skal av det står att.

Tre av personane som budde i huset som brann ned er sendt til Volda sjukehus for å få sjekka om dei kan vere røykforgifta.