Sykkylven

– Vellukka redningsaksjon

Ein skigåar på topptur vart ståande fast i bratt terreng. Vedkomande vart berga ned av spesialistar.

  Foto: Sigurd Loy

  Foto: Jørn Helge Egset

Nyheter

Ein mann vart redda ned frå Revsdalshornet i Sykkylven.

– Det er snakk om ein «skårfast», men uskadd skiturist, sa operasjonsleiar Tor André Gram Franck i Møre og Romsdal politidistrikt.

Han opplyste om at Sunnmøre alpine redningsgruppe (SAR) og redningshelikopter hjalp vedkomande med å kome seg ned.

Hovedredningssentralen (HRS) meldar no om vellukka redningsaksjon på Twitter:



SAR rykkar ut når folk treng hjelp med å kome seg ut av bratt terreng.

Mannen vart ståande fast på kring 800 meter over havet. Det er mellom 40 og 60 gradar bratt i dei steilaste delane av området mannen befann seg i. Snødekket skal vere hardt og isete.


Foredragsturné kjem til mellom anna Ålesund, Åndalsnes og Ørsta:

Viser fram norsk fjellredning frå innsida