Rykka ut etter brannalarm – ein teken ut

Ørsta brannvesen rykka måndag ut etter melding om brann i ein leilegheit.
Nyheter

I ei twittermelding skriv Møre og Romsdal 110-sentral at ein person blei teken ut av bustaden. Brannvesenet rykka ut etter ei automatisk brannmelding.

Leilegheita skal ha vore røykylt grunna matlaging, heiter det i meldinga frå brannvesenet. Ambulanse rykka også ut for å sjekke tilstanden til personen.