Trafikkuhell i Ulsteinvik: Køyrde inn i hage

Ung bilførar køyrde bil inn i hage, bilturen enda i eit tre.
Nyheter

Klokka 22.33 måndag kveld melde politiet om ei hending i Ulsteinvik, eit køyrety hadde køyrd inn i ein hage i Gardsholvegen.

Politiet er på staden, skriv Møre og Romsdal politidistrikt i ei twittermelding.

Operasjonsleiar Erik Mikalsen seier til Sunnmørsposten klokka 22.55 at det var ein mindreårig bilførar som køyrde bilen.

- Bilførar hadde ikkje sertifikat, det er ikkje mistanke om ruskøyring. Vi vil ta ein prat med føresette om oppbevaring av bilnøklar, seier Mikalsen.

Saka blir politimeld. Bilen enda i eit tre i ein hage i Ulsteinvik. Det blei ikkje meld om personskade og berre mindre skadar på hagen.