Vil ofre kontorbygg og byggefelt for skulen

Utbygginga av Midsund skule vil koste 130 millionar kroner. For å finansiere utbygginga, foreslår rådmannen å droppe og utsette fleire tiltak, samt tomtesal.
Nyheter

MIDSUND (Rbnett): Saka om godkjenning av utbygginga av Midsund skule kjem rett over påske til politisk behandling. Politikarane må også ta stilling til forslag om ei rekke omprioriteringar som må til for å dekke opp utbyggingskostnadane.