Ideen om eit hundehotell vart planta for ti år sidan – no vert draumen ein realitet for Ida

Det er over tretti år sidan det har vore dyrehald i fjøsen på Simagarden på Sæbø. I slutten av mai er Mats Riise og Ida Maria Buzon Ose klare for å ta imot firbeinte gjestar til sitt hundehotell.

KLARE TIL INNRYKK: Ida Maria Buzon Ose og Mats Riise er snart klare til å ta imot besøk på Simagarden hundehotell. I slutten av mai er det opning.  Foto: JOACHIM ÅSEBØ

Nyheter

(Møre-Nytt): Førebels er det hunden Rita som har Simagarden som sin boltreplass, men hunden til sambuarparet på Rise vil snart måtte bu seg på at det er andre firbeinte som finn vegen til Sæbø.