Vil fjerne autovernet og plante ein allé langs E39/E136 gjennom Sjøholt:

Slik vil dei få ned farten

Sjøholt skal bli ein levande tettstad der folk får lyst til å stoppe. Vegvesenet er skeptisk.

Susar rett forbi: Slik ser det ut i dag langs E39/E136 på Sjøholt. Fleire arkitektar har kome med 72 forslag til korleis Sjøholt kan bli meir attraktiv. I vår skal forslaga opp til politisk behandling i kommunen.  Foto: Arkitektrapporten

Nyheter

Å få farten ned på trafikken gjennom Sjøholt – og gje folk lyst til å stoppe – det samanfattar mange av forslaga som no ligg på politikarane sitt bord i kommunen.