Klargjer Myklebustskipet for sjøsetting på Eidsfjorden laurdag:

Sjøset vikingskip-gigant på grunn sjø

Fleire titals sterke personar og ei kran må til for å få Myklebustskipet på fjorden. Mest spent er båtbyggjarane på vindforhold og fjøre sjø.
Nyheter

– Eg er forbausa over kor lite sjø det er. Det har med månen å gjere. Det er berre kvart måne no, men vi får berre setje båten på sanden og så får han stå til vatnet stig, smiler Jakob Helset, nestoren blant båtbyggjarane frå Bjørkedalen.