Trong økonomi og tronge sjukehusrom var tema då Helse Midt-Norge la sitt styremøte til Ålesund sjukehus:

– Finst ikkje tilgjeving for underskot

Helse Midt-styret fekk i går sjå dei tronge lokala på intensiven i andre etasje på Ålesund sjukehus.

Inne på dei små romma på intensiven skal det vere opptil seks-sju sjukehustilsette samtidig i tillegg til pasienten. På dette bildet er det berre fire tilsette inne for å sjå til pasienten. Ei utviding av Ålesund sjukehus for å bøte på dette er heilt i det blå på grunn av trong økonomi i helsesføretaket.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

Her fekk styret høyre at det er vanskeleg å jobbe effektivt fordi veggane set grenser. Romma er veldig små, og der er det i enkelte situasjonar seks-sju sjukehustilsette samtidig i tillegg til pasienten.