Rekordsøking til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er ein av ti utdanningsinstitusjonar her i landet som har auke i talet på søkjarar i år.

Rekord: Høgskulen i Volda har nedgang i søknaden til lærarutdanning, men for tredje år på rad har skulen totalt sett ein auke og rekordsøking. Arkiv  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Det melder Høgskulen i Volda på nettsida si.

Dette er tredje året på rad med auke for høgskulen. 1380 søkjarar har Høgskulen i Volda som sitt førsteval, mot 1367 i fjor.

– Vi er veldig glade for at så mange ønskjer å studere hjå oss, seier høgskuledirektør Per Halse og held fram:

–Vi er ikkje så opptekne av rekordar, men det er klart at det er kjekkast med oppgang – og ikkje minst ei tilbakemelding på at vi har gode og interessante studietilbod ved Høgskulen i Volda.

Friluftsliv er populært

Tal frå Samordna opptak blei offentleggjort torsdag. Medan søkjartala går ned nasjonalt, har altså Volda oppgang i søkjartalet

Mest populært er studiet i friluftsliv, med 10,8 søkjarar per studieplass. Deretter følgjer animasjon, med 4,8 søkjarar per plass og journalistikk med spesialisering i tv og radio med 4,0 søkjarar per studieplass.

Det nye studietilbodet nettbasert bachelor i historie ser også ut for å ha slått gått an, med 3,8 søkjarar per plass.

– Det var kjekt! Det er alltid spanande med nye studium, og då er det godt å få stadfesta at vi trefte med tilbodet vårt, seier Halse til høgskulen si nettside.

Nedgang for lærarutdanninga

Halse gler seg også over den solide veksten i mediefaga:

– Det er svært bra, og det er viktig for oss med gode søkjartal på mediefag. Dette er og skal vere eit flaggskip for Høgskulen i Volda, og vi er takksame for at resultata stadfestar den posisjonen. No ser vi også fram til bygging av nytt, flott mediehus ved HVO – så for mediefag er det mykje å gle seg til framover.

Lærarutdanninga opplever derimot nedgang samanlikna med i fjor.

– Vi tek sjølvsagt med oss at vi hadde ei auke av søkjarar til desse faga i fjor, så vi er i stor grad tilbake på det nivået vi låg på i 2017 – men det er jo ikkje den retninga vi ønskjer å gå. Dette er noko som har høg prioritet i heile sektoren, så her kjem vi utan tvil til å jobbe vidare med rekrutteringstiltak både lokalt og nasjonalt, seier høgskuledirektøren.