Har overvintra oppe i fjellet i Norddal i over fem år

«Storbukkjen» nektar å kome heim att

Alt frå freistande mat til brunstige geiter er blitt forsøkt som lokkemiddel. Men storbukken frå Melchiorgarden i Norddal vil ikkje heim att.

Bukken klarer seg godt og har vakse dei siste åra

Petter Melchior
Nyheter

– No har den overvintra oppe i fjellet for femte året på rad. Det er plent umogleg å få tak i han, eller lokke han heim, seier geitebonde Petter Melchior.