Hundre personar var med på jomfruturen:

Letta og stolte over at Myklebustskipet flaut perfekt i sjøen

Det var nervar og spenning då verdas største «vikingskip» vart heisa gjennom lufta og landa perfekt på vassoverflata laurdag ettermiddag. Myklebustskipet flaut som det skulle i sjøen.

Låg perfekt i sjøen: 100 personar tok plass i Myklebustskipet under jomfruturen ut Eidsfjorden. Skipet låg som det skulle i sjøen og tok inn i lite vatn. 

Nyheter

– Eg skal innrømme at eg har vore nervøs. Det er ein storleik og dimensjonar som vi ikkje har bygd tidlegare. I min alder vaknar vi tidleg, og det har blitt ein del tankar dei siste morgonane, medgjev Ottar Kåre Bjørkedal.