Natt til laurdag:

Tatt med narkotika

Ein mann blir politimeld for narkotikabruk i Ålesund natt til laurdag.
Nyheter

Ein mann i 20-åra blir meld til politiet for bruk av narkotika i Ålesund.

Det melder politiet i Møre og Romsdal klokka 04.44 natt til laurdag.

Dette er einaste meldinga politiet har lagt ut i løpet av natta. Ved operasjonssentralen får Sunnmørsposten opplyst at det har vore stille og roleg i distriktet.

Heller ikkje Vest politidistrikt har meldt om hendingar i nordre del av sitt distrikt.