Ulstein nominert til innovasjonspris

Ulstein kommune er nominert til nasjonal innovasjonspris.

Ordførar Knut Erik Engh i Ulstein.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Ulstein, Trondheim og Fjell er nominerte til Kommunal- og moderniseringsdepartementets innovasjonspris for 2019.

Juryen har vurdert 20 kommunar. Dei tre som er nominerte har vist «heilskapleg innovasjonsarbeid som er framtidsretta, systematisk og treffer ulike behov», skriv Direktoratet for forvaltning og IKT.

– Eg er stolt av å leie ein kommune med så mange dyktige folk i alle ledd av organisasjonen som let seg inspirere av nye moglegheiter, seier ordførar Knut Erik Engh ifølgje ei pressemelding på heimesida til kommunen.


Førarlaus framtid?

Om kort tid kan vi truleg reise med buss og ferje her i fylket utan at eit menneske styrer

Ulsteinvik kan snart få den første førarlause bussen i fylket og allereie frå årsskiftet kan dei nye ferjene over Sulafjorden segle på «autopilot». Har vi ikkje bruk for bussjåførar som Øystein Blom om få år?


Ordføraren trekk fram nyskapingsstrategien til kommunen. Her er velferdsteknologi, digitalt livsløp, teknologiskulen, samferdsel og teknisk /drift satsingsområde.

I søknaden la Ulstein kommune vekt på teknologisatsinga i skulen. Ulstein er første kommune der alle elevar lærer seg å programmere. Kommunen har saman med Høgskulen i Volda skapt Ulsteinmodellen, der alle lærarar i kommunen får vidadeutdanning i bruk av digitale verktøy og ressursar i unervisninga.