Kjølig vind frå nord gav oss vinteren tilbake, men våren kjem att:

– Lys i enden av tunnelen

Vinteren gjorde eit lite comeback fredag, men frå onsdag neste veke byrjar våren å kome tilbake att, melder meteorologane.

Trailer sperra vegen: På Magerholm sto dette vogntoget på tvers og sperra vegen fredag morgon.   Foto: Smp-tipsar

Volda: Tulipanane har harde vekstvilkår når mai kjem med vintervêr. Her har dei fått ein liten pause frå snøbygene til å nyte nokre solstråler.   Foto: Rita Slotterøy

Strandafjellet: Slik såg det ut på Strandafjellet fredag morgon. – Synest synd på småfuglane, skriv innsendaren.   Foto: Berit K. Teige

Nyheter

– Det er eit kraftig høgtrykk som ligg over Grønland og Island og eit lågtrykk aust for oss. Når dei jobbar saman, dreg dei med kald vind frå langt, langt nord. Då vart det brått vinter att, seier Lars Andreas Selberg i Meteorologisk institutt.

Det er årsaken til at Sunnmøre vakna til snø på fredag.

– Dei neste dagane vil det vere mykje kjølig vêr og periodar med regn. Snøgrensa vil liggje lågt. Truleg mellom 100 og 400 meter, seier han.


Sludd og snøbyger til helga:

Vegvesenet: – Beregn ekstra tid til transport

Fredag morgen førte snø og glatte forhold til flere ulykker og uhell på vegene. Også til helga er det venta sludd- og snøbyger.


Sommaren kjem til slutt

Men han har betre nyheiter å kome med. Frå og og med onsdag vil det vere betre vêr i vente.

– Ut i neste veke er det håp. Frå og med onsdag ser det ut til at temperaturane har ein tendens til å gå oppover, og vil krype over 10 gradar, seier Selberg.

– Det ser lovande ut. Mest truleg vert det opphaldsvêr og varmare. Litt meir vårleg, seier han.

Vår var ikkje det mange tenkte då dei vakna til vinter fredag morgon, sjølv om kalenderen viser mai månad.

– Om ein er tolmodig, kjem varmen tilbake. Det vil han jo gjere uansett, sidan vi nærmar oss sommaren, seier meteorologen.




Magerholm:

Semitrailer sperra fylkesveg - nå er den åpen igjen

Tyngre kjøretøy ble bedt om å vente med å kjøre fylkesveg 60 ved Magerholm ferjekai.


Vanskelege føre i trafikken

Politiet fekk nok å hengje fingrane i fredag morgon, mellom anna som følgje av mange trafikkulukker og trafikkuhell på glatt føre.

– Det har vore veldig mange hendingar. Snøfallet har nok mesteparten av skulda, så har det også vore andre uhell som ikkje naudsynleg har med snø å gjere, seier operasjonsleiar John Bratland fredag.

– Mange har skifta til sommardekk no. Er det forsvarleg å køyre med desse?

– Det er opp til førar å vurdere køyretilhøva. Er du i tvil, så er du ikkje i tvil, bruker eg å seie. Då lèt du det vere, seier operasjonsleiaren.

Vegtrafikksentralen sende ut denne meldinga til trafikantar fredag morgon: «I helga ventes det sluddbyger og snøbyger. Nattestid kan det legge seg i lavlandet og høyereliggende strøk. Beregn ekstra tid til transport. Bruk riktige dekk og kjør etter forholdene.»


Kan komme snø heilt ned i fjøresteinene

Har du lagt om til sommerdekk? Det var kanskje i tidligste laget.