Politiet:

Forbod mot luftsport ved Loen Skylift

Politiet innfører mellombels forbod mot all luftsportsaktivitet ved Loen Skylift.

Loen Skylift.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Med heimel i politilova § 7, 1. ledd, pkt. 2, jf. 2. ledd innfører politiet mellombels forbod av alle typar luftsport ved Loen Skylift i Stryn kommune inntil 27.5.19, melder Vest politidistrikt i ei pressemelding fredag 3. mai.

Bakgrunnen er den tragiske ulykka 28.4.19 der ein person omkom.

– Politiet etterforskar ulykka og har mellom anna til hensikt å bringe på det reine om spesielle forhold på staden er årsak til ulykka, skriv lensmann Tormod Hvattum i Nordfjord og tenestestadleiar i Stryn, Vidar Stavik.

Ulukka søndag er første dødsulukka ein opplever etter at pendelbana opna, men det er ikkje første ulukka. Ein har hatt nokre ulukker ved landing nede i Loen. Det har også vore nokre fall på toppen som har ført til alvorleg skade. Dagleg leiar, og personar Sunnmørsposten intervjua i luftsportsmiljøet, har tidlegare sagt at dei meiner forbod ikkje er vegen å gå.


Dødsulukka søndag:

Volda-student omkom i Loen

Det var den 20 år gamle Astri Brandal Reynolds frå Nesodden i Akershus som omkom i ulykka i Loen søndag, opplyser politiet.