Stal skjelettrestar som kunne gitt svar på gåta om Gange-Rolv

Tjuveri i Florø kan skape trøbbel for arbeidet med å løyse det eldgamle mysteriet.

LEITA ETTER ROLLO-GENER: I 2016 var ein delegasjon frå Norge i eit fransk kloster for å leite etter beinrestar. Frå venstre Andaine Seguin-Orlando (DNA-forsker ved Centre for Geogenetics), sunnmøringen Ole-Bjørn Fausa fra Samlerhuset og Per Holck (professor emeritus ved Universitetet i Oslo). Prøver har vore til analyse. No er altså beinrestar frå ein sarkofag i Frankrike fjerna frå ei postkasse i Florø.  Foto: Vegard Strømsodd/ExplicoExplico

Nyheter

For nokre veker sidan vart ei gate i Florø ramma av postkassetjuveri, ein av dei som var utsett for tjuveri var historikar Sturla Ellingsvåg.

Og medan innhaldet er svært verdifullt og viktig for Ellingvåg, må det seiast å vere nokså verdilaust for dei fleste andre:

I pakken frå Anatomisk Institutt i Oslo låg dei siste restane frå eit 1.000 år gammalt skjelett som Ellingvåg skal analysere ved DNA-laben i København, der han jobbar.

Skjelettet kjem frå ein sarkofag i Normandie.

– Det dreiar seg om Rollo, eller Gange-Rolv, vikinghøvdingen som slo seg ned i  Normandie. Dette er dei siste skjelettrestane frå hans næraste etterkommar, og dermed siste forsøk på å prøve å løyse den gåta, seier Ellingvåg til lokalavisa Firdaposten.

Gange-Rolv er på Sunnmøre kjent som sonen til Ragnvald Mørejarl, som utvandra til Normandie og tok namnet Rollo. Han var også tippoldefar til Vilhem Erobreren, og nedstamma frå det britiske kongehuset, blir det hevda.

Men historiefortelling frå Sunnmøre er omdiskutert. Det finst mellom anna ein anna historietradisjon som hevdar at Rollo var dansk.


Vil bekrefte om Rollo var fra Sunnmøre

Denne uka åpnet en norskledet delegasjon sarkofagen til to av Rollos etterkommere. Målet er å avgjøre om Rollo er identisk med Gange-Rolv. En historietradisjon mener nemlig at Rollo var dansk.

Ein delegasjon leia av nordmenn, har derfor opna sarkofagen til to av Rollo sine etterkomarar i Frankrike. Fram til no har det ikkje vore råd å kome med eit klart svar på denne gåta. Og etter tjuveriet i Florø kan dette arbeidet altså vise seg å bli endå meir utfordrande.

Gåten om vikinghøvdingen Rollo forblir uløst

Florø (NTB-Mette Estep): Gåten om vikinghøvdingen Rollos opphav forblir uløst. Norske forskere testet skjelettrester som skulle være fra hans etterkommere, men som viser seg å være langt eldre enn Rollo.

Ellingvåg erkjenner at den svært spesielle forsendinga sjølvsagt burde ha gått rekommandert.

Posten meiner tjuveriet hende natt til tysdag. Politiet arbeider med saka, men så langt er det ikkje avklart kven som står bak tjuveriet.


Aktiviteter i Ålesund

I Rollos fotefar

Vikingguiding er et av de nye tilbudene for turister som besøker Ålesund. Sunnmørsposten ble med In Rollo's Footsteps på tur i Gange-Rolvs fotefar.



Vil byggje Europas største vikinglandsby i Frankrike

Gjekk i Gange-Rolvs fotspor i Giske

For å kaste glans over det franske vikingprosjektet i Normandie, var ein delegasjon på besøk i Ålesund og Giske onsdag.



For noen tiår siden:

Gange-Rolv kom til byparken på oppfordring fra doktor Fjelde

Vi gir ordet til Kristian Bugge – han med byhistorien fra 1923: