Jan Thormodsæter er ny dagleg leiar i Mafoss

Vil stikke fingeren i jorda

Den nye daglege leiaren seier det framleis er alle mann på dekk, og at bransjeorganisasjonen er i full jobb for å sikre framtida til den maritime klynga.

Kompetanse: Jan Thormodsæter, ny dagleg leiar i Mafoss, meiner at utdanningsinstitusjonane tidlegare bør starte med innovasjonsarbeid, for å ligge i forkant av det som skjer i bedriftene. – Omstilling driv ein med heile tida, men det er veldig synleg no, seier han. Foto: Pressefoto  Foto: Pressefoto

Nyheter

Jan Thormodsæter har rett nok vore konstituert dagleg leiar i Mafoss (Maritim foreining for søre Sunnmøre) i eit år, men no tiltrer han fast. Han tek over etter Terje Høybakk, som har gått over i ei anna rolle.