Håp om utbetring av flaskehalsar på fylkesveg 650

Ikkje råd til Børdalslinja

Ordførarane innsåg det: Ny fylkesveg 650 mellom Vaksvika og Lande, Børdalslinja, er i det blå.

Synfaring: Stordal-ordførar Eva Hove heldt eit flammande innlegg for å utbetre fv. 650. Vidare ser vi Ørskog-ordførar Knut Helge Harstad, Viktor Valldal (Norddal), varaordførar Arild Ringdal i Stranda, og Frank Sve og Kristin Sørheim frå samferdselsutvalet.  Foto: Per Ove Stige

Vegen er livsnerven for oss

Eva Hole
 

Børdalslinja: Den nye vegen på f.v. 650 er tenkt mellom Vaksvika og Lande. I går vart det heilt klart at prosjektet til 1,1 milliard kroner ikkje blir realisert på lang tid.

Flaskehals: Denne 120-gradersvingen på fv. 650 mellom Vaksvika og Viset var det i går stemning for å fjerne blant medlemmene i samferdselsutvalet.  Foto: Per Ove Stige

Vinterstid: Bussjåfør på synfaringa, Bjørn Langås, seier han nok ville kvidd seg for å køyre fv. 650 vinterstid.  Foto: Per Ove Stige

Nyheter

Fylkeskommunen kan ikkje ta seg råd til dette vegprosjektet til 1,1 milliard kroner, meiner samferdselsutvalet. I går var dei på synfaring og møtte fleire av ordførarane langs Storfjorden.

Særleg Ørskog-ordførar Knut Helge Harstad var skuffa. Som den einaste i går meinte han at det hastar med å få fylkesvegen utanom bygdene Vestre, Skarbøen og Amdam.

To km kan bli 1,3 km

Men ein flaskehals mellom Viset og Vaksvika er det kanskje håp om å gjere noko med, med eller utan bompengar. Her går den relativt smale vegen i ein 120-gradersving, og deretter i bru over Vaksvikelva. Med 2.500 bilar i døgnet, der kvar tiande bil er tungbil, er dette ein trasig vegstubb.

– Fylkesvegen er livsnerven for oss som bur her inne. Næringslivet er klar på at fjerning av flaskehalsar er viktigaste tiltak, sa Stordal-ordførar Eva Hove og oppfordra fylkeskommunen til å ta ansvar.

Ho framheva at fv. 650 fungerer som ein indre stamveg mellom indre Nordfjord og Ørskogfjellet.

To kilometer av dagens veg kan kortast ned til 1,3 km, til ein kostnad av 183 mill, viser eit overslag som Vegvesenet kom med i fjor. Dette er heller ikkje til hinder for å realisere Børdalslinja ein gong i framtida.

Dermed blir det ei form for trinnvis utbygging. Fylkespolitikarane var i går tilsynelatande samstemte om at dette er ei løysing som bør vurderast.

Etablerer selskap

– Eg syns alle som tok ordet ga tydelege signal. Så eg trur at tida er inne for at kommunane etablerer eit selskap for å få framdrift i arbeidet med denne vegstrekninga, slik alle dei fire kommunestyra tidlegare har vedtatt, seier Stordal-ordførar Eva Hove.

– Og så trur eg at det er i ferd med å bli aksept for bompengar, sa Stordal-ordføraren.

Ville kvidd seg

Bussjåfør på turen, Bjørn Langås, seier han nok hadde kvidd seg for å køyrer her vinterstid.

– Eg køyrer her berre i sommarhalvåret, men om vinteren kan det nok vere glatt her, seier Langås.

Trafikken har auka meir enn prognosen – inviterer fylket til spleiselag for Børdalslinja

- Du opplever jo at du kjem ganske mange år tilbake i tid

Trafikken på «indre stamveg», fylkesveg 650, har auka meir enn prognosen.


Fryktar at fylket justerer ned ambisjonane for trafikkløysinga mellom Ørskog og Stordal:

– Ny veg, ikkje meir klatting!

Ordføraren i Ørskog fekk den folkelege oppbakkinga han bad om: Rundt åtti eldre og yngre demonstrerte fredeleg under søndag-rushet.


Vegprosjekta på Sunnmøre står no i kø

Vil lage nytt vegselskap i fylket

Vegprosjekta på Sunnmøre står no i kø: Tunnel mellom Stranda og Sykkylven, Rovdefjordsambandet, Sande Fastlandssamband og Børdalslinja i Ørskog.