Sulafjellet:

Kuttar bandtvang i turløypene

Hundeeigarane førebu seg på å ha dyra i band ut september på Sulafjellet, men ikkje heilårleg bandtvang i turløypene, føreslår formannskapet.

Må passe seg for sauane: Formannskapet i Sula kommune føreslår å utvide bandtvangen på Sulafjellet med 41 dagar, frå 21, august til 30. september, slik at sauebønder kan ha sauane sine på fjellet heile sommarbeitet.  Foto: Privat

Nyheter

Frå 1. april til 20. august må alle i heile landet gå med hundane i band. Men på Sulafjellet vert denne perioden utvida med 41 dagar til 30. september, om kommunestyret seier seg samd med formannskapet i Sula kommune.