Stoppa varebil med dårlig sikra røyr

Politiet opprett sak etter at dei stoppa varebil med dårleg sikra last.
Nyheter

Møre og Romsdal politidistrikt melde om saka på Twitter onsdag klokka 17.01. Ei varebil med røyr på taket blei stoppa på fylkesveg 653 på Haddal i Ulstein kommune.

Røyra var laust festa, stakk for langt ut bak og var ikkje merka, skriv politiet i meldinga.

Politiet opprett sak og kravde at lasta blei lasta om.