Mista førarkortet etter farleg forbikøyring

UP stoppa torsdag ein bil etter farleg køyring på Kvivsvegen i Volda.

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix 

Nyheter

UP kverrsette førarkortet til ein bilførar etter ei farleg forbikøyring på Kvivsvegen. Møtande bil måtte naudbremse då forbikøyringa blei gjennomført.

Det skreiv politiet i ei twittermelding klokka 19.02 torsdag. Hastigheita blei målt til 114 kilometer i timen i 80 sona.