Plakatar og song mot vindkraft på Haramsøy

Før kommunestyremøtet i Haram torsdag møtte øyingane opp med plakatar og song. «Mellom bakkar og berg» var gjennomgangstonen, saman med bodskapen om Nei til vindmøller på Haramsøya.

Protest: Demonstrasjon mot vindkraft på Haramsøy før kommunestyremøte i Haram.   Foto: Per Ove Stige

Nyheter

– Vi ser sjøfuglane heng over Ullahornet og ser etter mat. Dei har for lite å ete, og no skal desse store kvernene male opp resten, seier ein av demonstrantane.