Russebilen Spicy tok med seg Charlotte på rulling

Charlotte Nalda Slyngstad er den einaste som er russ på sitt kull. Jentene på russebilen Spicy tok grep for å inkludere henne i russetida, og inviterte ho på rulling.

På rulling: Jentene frå russebilen Spicy tok med seg Charlotte på rulling førre fredag. Gjengen frå Spicy er ni stykk til saman, hovudsakleg frå Ålesund vgs. Charlotte går på Fagerlia vgs., men heiar på Spicy når byens beste russ skal kårast på 17. mai. Fra venstre: Charlotte Nalda Slyngstad, Madelen Hellevik, Sina Birkeland, Helena Solvoll Pettersen og Embla Molvær Aarseth.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Kvart år får russen kritikk for bråk, søppel og dryge russeknutar. Men russen gjer ikkje berre dumme ting, seier Helena Solvoll Pettersen.