Vegvesenet meiner gangfelt på ny bru her blir trafikkfarleg

Jensholmbrua i Herøy skal bli ny, men utan eigen plass til gåande og syklande. Det er Bjarne Kvalsvik kritisk til.

Jensholmbrua: Veidekke skal byggje den nye Jensholmbrua på fylkesveg 654. Vegvesenet meiner det blir farleg om brua blir lagt til rette for gåande, når ikkje heile vegen blir det.   Foto: Bjarne Kvalsvik

Nyheter

– Dette er å gå baklengs inn i framtida. Herøy satsar offensivt på reiseliv, og i dette området er det stor utfart. Det er feil å byggje ei slik bru i 2019, utan å tenkje på mjuke trafikantar, meiner Bjarne Kvalsvik, uavhengig medlem i samferdselsutvalet.