No er det opp til Kunnskapsdepartementet om Ålesund får ny privatungdomsskule med ekstra vekt på realfag:

Ingen oppstart på realfagsungdomsskulen i år

Akademiet har søkt om å starte realfagsungdomsskule i Ålesund. Det vert det ikkje noko av før tidlegast neste år.

Ingen ny skule i år: Akademiet ønskjer å starta ein realfagsungdomsskule i Ålesund, men det vert tidlegast neste år. Her er eigarane Petter Arne Alvik (t.v.) og Jan Ove Otterlei.   Foto: June R. Johansen (arkiv)

Nyheter

Utdanningsdirektoratet avslo søknaden i februar i år, eit vedtak Akademiet realfagsungdomsskule AS klaga på. Direktoratet har ikkje omgjort sitt vedtak etter dei tok imot klagen og har sendt han vidare til klageinnstansen Kunnskapsdepartementet.