Sirkusartist til sjukehus etter fall på sju meter

Ein sirkusartist fall ned under ei framsyning i Molde fredag kveld.

Politiet kom til staden rett etter ulukka og etterforskar det som har skjedd.  Foto: Ole Bjørner Loe Welde, Romsdals Budstikke

Nyheter

– Arbeidsulukke ved sirkus, skriv politiet i Møre og Romsdal på Twitter fredag kveld.

Ein artist er skadd og henta med ambulanse, etter eit fall på cirka sju meter.

Ifølgje politiet er artisten køyrd til sjukehus.

Rbnett skriv at artisten jobbar på Cirkus Agora.

Gjekk rett i bakken

Carl Henrik Indbjør var ein av dei rundt 250 publikummarane på framsyninga, og han fortel til Rbnett at mannen som fall ned, var på toppen av ei stang som gjekk frå bakken og opp. Han anslår stanga til å vere cirka fem meter høg.

Artisten var oppå stanga da ho løsna, og han gjekk rett i bakken, ifølgje Indbjør.

Sirkusdirektør Jan Kjetil Smørdal skal ha vore prega etter ulukka, men valde å halde fram framsyninga, ifølgje Rbnett.

Avisa skriv at også ein i publikum skal vere skadd, men ikkje alvorleg. Vedkomande skal ha fått eit kutt over auget.

Ikkje livstrugande skade

Også politiet har fått opplysningar om at ein i publikum er skadd i samband med hendinga. Tilskodaren har fått kuttskade i hovudet og artisten har skade i bein. Begge er køyrde vekk i ambulanse, men ingen er livstrugande skadde, ifølgje politiet.

Politiet kom til staden etter ulukka. Dei tek avhøyr og undersøkjer hendinga.

Klokka 20.03 blei det meldt frå politiet at framsyninga var i ferd med å avslutte.

Sjokkert Smørdal

Romsdals Budstikke har snakka med direktør i Cirkus Agora, Jan Ketil Smørdal. Og han seier dette om det som har skjedd:

– Eg er i sjokk. Artisten som er skadd er på kontrakt, og har sjølv ansvar for sikkerheita. Eg takkar Gud for at det gjekk bra, sier Smørdal og legg til at turneen med sirkuset held fram.