TV-kanalen vil ha lokale sendingar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane på Canal Digital, Altibox, RiksTV og Get frå laurdag 25. mai. Sendingane vil òg vere tilgjengelige på slive.no, melder dei i ei pressemelding.
Sendingane skal spelast inn i nybygde studio i kanalen sine nye lokaler i Spjelkavik. Der har dei blant anna bygd kjøkkenstudio til matprogrammet «Mat med Nesje», der programledar og kokk Nils Henning Nesje kjem til å møte lokale matprodusentar.
Frank Sekkeseter blir programleiar for «Snakkis». Han vil invitere lokale gjestar, og det er lova stor variasjon i tema, og rom for engasjement.
Han skal og leie sport-programmet «Indre bane».
– Vi har avtalar med ei rekke fotballag som vil ta oss med tettare på klubben, seier Sekkeseter i pressemeldinga.