Næringsministeren lovar 15 millionar kroner til digitalisering av maritim utdanning

15 millionar kroner til dei beste ideane for å sikre at Noreg held fram som stormakt på havet, lovar næringsministeren.

Som eit dataspel: Nautikk-studentene (f.v.) Sander Moldskred, William Thorseth og Emil Hildre viser barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) og nærinsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) korleis simulatorane dei bruker på fagskulen fungerer.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Pengane kjem i revidert nasjonalbudsjett som vert lagt fram tysdag. Og dei kjem som ein pott alle utdanningsinstitusjonar kan søkje frå, om dei har eit prosjekt som bidreg til å digitalisere maritim utdanning.