Saksøkt revisor blei frifunnen i retten

Hjellhaugen eiendom AS i Ålesund meinte revisoren svikta og at dette førte til milliontap etter ein konkurs i 2016. Sunnmøre tingrett er ikkje einig og har frifunne revisoren og revisjonsselskapet.

Tapte: Sunnmøre tingrett var ikkje einig i saksøkjar sin påstand om at dei hadde fått dårlege råd frå revisor. Illustrasjon.  Foto: Stig Vågnes

Nyheter

Bakgrunnen for søksmålet som Hjellhaugen Eiendom AS retta mot revisor Knut Harald Ertresvåg og Revisorgruppen Møre AS, er ein konkurs i MBE Prosjekt, tidlegare Modus Bygg AS, i 2016.