Symjehallen i Volda må stengast

Symjehallen i Volda er i uakseptabel stand, visar rapport.

Arkivbilde frå symjehallen i Volda.  Foto: Terje Engås

Nyheter

Symjehallen på Høgskulen i Volda er så dårleg at den må stengast og rivast. Slik konkluderer ein tilstandsrapport Statbygg har fått, ifølge NRK.

– Det blir ei stor utfordring å stå utan symjehallen på Høgskulen, seier Volda-ordførar, Jørgen Amdam (Ap) til NRK.

Hallen vert brukt av mellom anna skular, idrettslag og til integrering av flyktningar.


Svømmehallen i Volda:

VTI Symjing må ha basseng

Svømmehallen i Volda er i fare. Han må anten renoverast eller leggast ned. Det siste vil bli skjebnesvangert for symjeklubben.


Bassenget er det einaste på 25 meter i Volda/Ørsta-området. Amdam hadde håpa å kunne nytte hallen ut 2020. Eit alternativ no er eit tilbygg i samband med den planlagte idrettsarenaen på Campus Arena.


Bading på Sunnmøre

Våte draumar i kvar ei bygd

Om få år kan seks gedigne badeanlegg stå klare til å konkurrere om kundane over heile Sunnmøre. Risikoen for fuktskadar er høg


Sunnmørsposten oppdaterer saka.