Sjokkrapport frå Statsbygg:

Symjehallen i Volda stengjer i dag

Symjehallen må stengast og er tilrådd riven. Det er konklusjonen på ein tilstandsrapport Statsbygg har fått, skriv hvo.no.

STENGD: Symjehallen i Volda blir stengd frå i dag, måndag 13. mai. ARKIVFOTO: TERJE ENGÅS 

Nyheter

Det betyr at hallen stengjer allereie frå i dag, måndag 13. mai, seier rektor Johann Roppen til Sunnmørsposten.

Svømmehallen i Volda:

VTI Symjing må ha basseng

Svømmehallen i Volda er i fare. Han må anten renoverast eller leggast ned. Det siste vil bli skjebnesvangert for symjeklubben.


Har informert

Statsbygg har informert høgskulen og Volda kommune om rapporten.

Det er nemleg Statsbygg som eig symjehallen og idrettsbygget, med Høgskulen i Volda som leigetakar.

Høgskulen opplyser at dei hadde kontrakt på bruk av symjehallen ut kalenderåret 2020, men den nye rapporten viser at tilhøva er for dårlege til å forsvare vidare bruk.

Bading på Sunnmøre

Våte draumar i kvar ei bygd

Om få år kan seks gedigne badeanlegg stå klare til å konkurrere om kundane over heile Sunnmøre. Risikoen for fuktskadar er høg


Trygge tilhøve viktigast

– Sjølv om det er leit at symjehallen må stenge, er vi glade for at Statsbygg har undersøkt tilhøva. Det viktigaste er at dei som nyttar seg av hallen skal ha trygge og gode tilhøve, og når det viser seg at tilstanden ikkje er god nok, forstår vi at anlegget må stengast, seier fungerande direktør ved Høgskulen i Volda, Per Halse, til hivolda.no.

Det blir samtidig streka under at dette gjeld symjehallen og ikkje den delen av bygget som husar idrettshall. Idrettsdelen vil bli driven vidare som før.

Halse legg til at det er trist at levetida no er ute.