Vindkraftverk bør tilbake til departementet, meiner fylket

Detaljplanane om vindkraftverk på Haramsøya avvik sterkt frå konsesjonsvedtaket i 2008, meiner fylkeskommunen.

Dette skal vise dei planlagde vindturbinane på Haramsøya, sett frå Longva. Illustrasjon: Sweco/Zephyr AS 

Nyheter

Haram kommunestyre ga sist torsdag kritikk til selskapet som vil bygge vindturbinar på Haramsøya. Kritikken gjekk på at det anlegget som faktisk blir søkt bygd er annleis enn det som faktisk er konsekvensutgreidd.